VOSS VEKSEL- OG LANDMANDSBANK VVL Innsideinformasjon

Generalforsamlingsinformasjon

29. April 2026 kl. 21:52

Den 29. april 2026 vart det helde generalforsamling i Voss Veksel- og Landmandsbank ASA.

Generalforsamlinga fatta fylgjande vedtak kring godkjenning av rekneskapen for 2025:

«Årsrekneskapen og årsmeldinga for 2025 vert godkjend og overskotet nytta slik som styret gjer framlegg om. Kr 18,75 pr. aksje i utbytte vert å betala ut til dei som står registrert som aksjeeigarar i banken pr. 29. april 2026.»

Aksjar utferda av Voss Veksel- og Landmandsbank ASA vert handla eksklusiv utbytte frå og med 30. april 2026.

Vala vart gjennomført i samsvar med valnemnda si innstilling.

Stein Kvarekvål vart vald som styreleiar i styret for 2 år. Hege Solbakken vart vald som fast medlem i styret for 2 år.

Som varamedlemer til styret for 1 år i prioritert rekkjefylgje vart Asgeir Løno og Ida Blomhoff Pedersen vald.

Som valnemnd til generalforsamling i 2027 vart Anders Ullestad vald som leiar, Egil Mørkve og Hilde Magnusson som medlemer og Ingjerd Skogseid som varamedlem.

Voss, den 29. april 2026 Stig Gunnar Røthe Adm. banksjef

Vedlegg

PDF
Signert protokoll frå generalforsamlinga 29APR2026.pdf
PDF
Årsrekneskap 2025 - generalforsamlinga 29APR2026.pdf
FILE
5967007LIEEXZX4N9429-2025-12-31-1-no.zip
PDF
Vekselbanken_Årsmelding_2025_NETT.pdf