DELÅRSRAPPORT 3. KVARTAL 2026

28. October 2026 kl. 07:05

Voss Veksel- og Landmandsbank ASA held fram den sterke veksten og leverer eit solid resultat ved utgangen av 3. kvartal 2026. Utlån inklusive Eika Boligkreditt har auka med 12,33 prosent siste 12 månader, og banken har framleis ein svært solid kapitalsituasjon med rein kjernekapitaldekning på 22,70 prosent. Resultat før skatt utgjer 79,4 mill. kroner.

Den gode utviklinga vert også underbygd av årets kundeundersøking, som viser svært gode kundeopplevingar og høg tilfredsheit blant banken sine kundar. Det stadfestar at satsinga på personleg rådgjeving, nærleik og gode kundeopplevingar står sterkt også i ein periode med høg vekst. Vekselbanken oppnår ein KOI på 99, noko som er eit eksepsjonelt godt resultat og plasserer banken heilt i toppen blant Eika-bankane i årets undersøking.

Marginpress og investeringar i auka bemanning påverkar resultatet på kort sikt, men investeringane er gjorde for å leggje grunnlaget for vidare lønsam vekst og verdiskaping. Banken styrkte i 2025 bemanninga med fire nye tilsette i kundeposisjon og ein i kontrollfunksjonar, medan Aktiv Voss styrkte bemanninga med to innan eigedomsmekling.

Sjå vedlegg for komplett delårsrapport.

Nokre hovudpunkt frå delårsrapporten er (konserntal): (tal frå 3. kvartal 2025 i parentes)

Q3-2026 Q3-2025 Resultat før skatt 79,4 mill. ( 88,0 mill.) Totalresultat 66,6 mill. ( 76,1 mill.) Netto renteinntekter 111,8 mill. ( 102,6 mill.) Netto andre driftsinntekter 29,4 mill. ( 44,4 mill.) Rentemargin 2,11 % ( 2,07 %) Driftskostnader 62,8 mill. ( 59,6 mill.) Kostnadsført tap -1,0 mill. ( -0,6 mill.) Innskot frå kundar 5.192 mill. ( 4.938 mill.) Brutto utlån 6.409 mill. ( 5.939 mill.) Brutto utlån inkl. EBK 7.762 mill. ( 6.910 mill.) Rådveldekapital 7.196 mill. ( 6.792 mill.) Rådveldekapital inkl. EBK 8.550 mill. ( 7.763 mill.)

Rein kjernekapitaldekning ikkje konsolidert 22,70% ( 22,20 %) Kapitaldekning ikkje konsolidert 26,78 % ( 26,55 %) Uvekta kjernekapitalandel 10,26 % ( 10,07 %) (Leverage Ratio)

Eigenkapitalavkastning etter skatt - annualisert 9,33 % ( 11,19 %) K/I 41,97 % ( 38,38 %) K/I justert for VP 44,49 % ( 46,28 %)

Banken si konsoliderte kapitaldekning vert publisert når 3. kvartals tala frå Eika Gruppen AS og Eika Boligkreditt AS føreligg.

Kontaktperson Voss Veksel- og Landmandsbank ASA: Stig Gunnar Røthe, Adm. banksjef, tlf.: 56523563