DELÅRSRAPPORT 1. KVARTAL 2026

13. May 2026 kl. 07:05

Voss Veksel- og Landmandsbank ASA legg i dag fram delårsrapporten for 1. kvartal 2026. Banken opplever eit press på rentenetto, og dette vert delvis oppvegd av solid utlånsvekst. Fall i rentenivå gjev også noko lågare avkastning på likviditetsportefølja. Banken og Aktiv Voss gjorde ei investering i nye medarbeidarar på kundesida i 2025, og dette får full kostnadseffekt i 2026 medan inntektene kjem litt forseinka. Dette er i tråd med dei planane banken har lagd for vidare vekst i åra frametter. Det er venta at resultatet styrkar seg utover året.

Sjå vedlegg for komplett delårsrapport.

Nokre hovudpunkt frå delårsrapporten er (konserntal): (tal frå 1. kvartal 2025 i parentes)

Q1-2026 Q1-2025 Resultat før skatt 21,7 mill. ( 26,6 mill.) Totalresultat 17,4 mill. ( 22,6 mill.) Netto renteinntekter 32,1 mill. ( 33,1 mill.) Netto andre driftsinntekter 11,5 mill. ( 12,6 mill.) Rentemargin 1,85 % ( 2,06 %) Driftskostnader 22,5 mill. ( 19,6 mill.) Kostnadsført tap -0,7 mill. ( -0,6 mill.) Innskot frå kundar 4.960 mill. ( 4.654 mill.) Brutto utlån 6.201 mill. ( 5.708 mill.) Brutto utlån inkl. EBK 7.258 mill. ( 6.565 mill.) Rådveldekapital 6.971 mill. ( 6.514 mill.) Rådveldekapital inkl. EBK 8.028 mill. ( 7.371 mill.)

Rein kjernekapitaldekning ikkje konsolidert 24,26% ( 19,62 %) Kapitaldekning ikkje konsolidert 28,62 % ( 23,44 %) Uvekta kjernekapitalandel 10,6 % ( 10,6 %) (Leverage Ratio)

Eigenkapitalavkastning etter skatt - annualisert 7,8 % ( 10,4 %) K/I 48,4 % ( 40,6 %) K/I justert for VP 54,5 % ( 47,7 %)

Konsolidert kapitaldekning pr. 1. kvartal 2026 er (1. kvartal 2025 i parentes):

Rein kjernekapitaldekning: 22,13 % (18,38 %) Kjernekapitaldekning: 23,83 % (19,88 %) Kapitaldekning: 26,51 % (22,24 %) Uvekta kjernekapitalandel: 9,3 % ( 9,7 %)

Kontaktperson Voss Veksel- og Landmandsbank ASA: Stig Gunnar Røthe, Adm. banksjef, tlf.: 56523563

Vedlegg

PDF
Delårsrapport 1. kvartal 2026.pdf
PDF
Figurar Q1-2026 rapportering VVL.pdf