Generalforsamlingsinformasjon
Den 29. april 2026 vart det helde generalforsamling i Voss Veksel- og Landmandsbank ASA.
Generalforsamlinga fatta fylgjande vedtak kring godkjenning av rekneskapen for 2025:
«Årsrekneskapen og årsmeldinga for 2025 vert godkjend og overskotet nytta slik som styret gjer framlegg om. Kr 18,75 pr. aksje i utbytte vert å betala ut til dei som står registrert som aksjeeigarar i banken pr. 29. april 2026.»
Aksjar utferda av Voss Veksel- og Landmandsbank ASA vert handla eksklusiv utbytte frå og med 30. april 2026.
Vala vart gjennomført i samsvar med valnemnda si innstilling.
Stein Kvarekvål vart vald som styreleiar i styret for 2 år. Hege Solbakken vart vald som fast medlem i styret for 2 år.
Som varamedlemer til styret for 1 år i prioritert rekkjefylgje vart Asgeir Løno og Ida Blomhoff Pedersen vald.
Som valnemnd til generalforsamling i 2027 vart Anders Ullestad vald som leiar, Egil Mørkve og Hilde Magnusson som medlemer og Ingjerd Skogseid som varamedlem.
Voss, den 29. april 2026 Stig Gunnar Røthe Adm. banksjef