SOGN SPAREBANK SOGN Rapport

Kvartalsrapport Q4 2025

12. February 2026 kl. 10:35

1. SAMANDRAG Sogn Sparebank legg fram eit driftsresultat før tap på 142,5 mill. kroner pr. fjerde kvartal 2025. Driftsresultatet er 1,4 mill. kroner betre enn pr. fjerde kvartal 2024.

På bakgrunn av den positive utviklinga gjer styret i banken framlegg om å dele ut 9,9 MNOK i gåvemidlar som går tilbake til allmennyttige prosjekt og tiltak i lokalsamfunna i Sogn.

Styret gjer også framlegg om utbytte per EK-bevis på 22,00 NOK. Både gåvemidlar og utbyte per EK-bevis skal behandlast i banken si generalforsamling i april, og me tek difor atterhald om Generalforsamlinga si godkjenning.

Banken har pr. 31.12.2025 tilbakeført nedskrivingar på utlån og garantiar med 0,2 mill. kroner. Resultat av ordinær drift etter skatt gir 113,1 MNOK, som gjev ein eigenkapitalavkastning pr. 31.12.2025 på 9,1 %. Banken rapporterer eit totalresultatet pr. 31.12.2025 på 154,2 mill. kroner etter skatt.

2. UTSIKTER FRAMOVER Banken har i 2025 oppnådd gode resultat, og skal halde fram med å vere ein nær og synleg medspelar for kundane og lokalsamfunna i Sogn. Dette lukkast me med ved å stimulere til aktivitetar og verdiskaping, og vere ein god partnar for privatkundar og verksemder. Gjennom Sogn Sparebank sitt gåvefond set me fokus på barn og unge, folkehelse og berekraft og gjev gåver til allmennyttige føremål.

Samarbeid er nøkkelen til suksess, og me har alltid ei open dør for lag og organisasjonar, eldsjeler og gode innspel til korleis banken kan bidra til at Sogn vert ein endå betre plass å bu og vekse opp i. God styring av risiko er eit prioritert område. Sogn Sparebank er godt kapitalisert og har ein god likviditet ved fjerde kvartal 2025. På grunnlag av målbiletet for Sogn Sparebank, har styret lagt banken sin strategi. Banken vil halde fram med å styrka drifta, samstundes som me vil jobbe med å auke inntektene. Rentemarknaden har i 2025 vore prega av to mindre rentekutt, der Noregs Bank reduserte styringsrenta frå 4,50 til 4,00 prosent. Den globale økonomien er framleis prega av høg usikkerheit, påverka av geopolitiske spenningar og politiske endringar internasjonalt. Dette kan påverke finansmarknadene og rentebana i Noreg framover, og medføre ytterlegare press på rentemarginen i kommande periodar. Ved å tilby individuell rådgiving innan kreditt, sparing og plassering samt forsikring har banken som mål å finne gode og varige løysingar for kundane.

3. Q4 - 2025 Hovud- og nøkkeltal • Resultat før tap: 142,5 MNOK • Resultat etter skatt: 113,1MNOK • Eigenkapitalavkastning, resultat etter skatt : 9,1 % • Rentenetto: 187,4 MNOK • Kostnadar i forhold til inntekter (inkl. VP): 44,6 % • Rein kjernekapitaldekning morbank: 31,2 % • Rein kjernekapitaldekning konsolidert: 28,6 % • Forteneste pr. eigenkapitalbevis: 22,62 NOK • Utlånsvekst eigen bok siste 12 mnd: 2,3 % • Utlånsvekst inkl. EBK siste 12 mnd: 3,4 % • Innskotsvekst siste 12 mnd: 3,8 %

Utdeling av gåver frå gåvefondet: 9,9 MNOK (9,0 MNOK)

Utbytte pr. EK-bevis for 2025: 22,00 NOK (20,00 NOK)

Me gjer merksam på at utbytte og gåver må godkjennast av generalforsamlinga 2026.

4. HOVUDRAPPORT Sjå vedlegg for komplett kvartalsrapport og rekneskap Q4-2025.

5. KONTAKTPERSONAR Adm. banksjef Mads Arnfinn Indrehus, tlf. 90950615 Økonomiansvarleg Anja Marina Hauståker, tlf. 94005705

Sogn Sparebank er styrt frå Sogn og i kraft av samfunnsansvaret vårt gjev me tilbake til Sogn. Kvart år deler me ut ein del av overskotet i form av gåvemidlar til ålmennyttige tiltak, me sponsar organiserte aktivitetar for born og unge og me er ein stor bidragsytar for festivalar og arrangement i vårt område. Me kjenner lokalmarknaden vår og er ein nær medspelar for kundane våre, i tillegg til å tilby eit komplett produkt- og tenestespekter både for bedrifter og privatpersonar.